Een gard
Vacio
Vacio
Økologisk vacio av grasfôra Vestlandsk fjordfe.
Vacio er Sør-amerikanarane sin favoritt på grillen! Stykningsdel med fin marmorering som ligg bak og innimellom andre musklar øvst i buklista. Mariner med havsalt, frisk malt svart pepper og god olivenolje 2–12 timer, grill på indirekte varme på over 100 °C til 53 °C kjernetemperatur. Svi til slutt av på høg varme. Kan også tilberedast i steikeomn til same kjernetemperatur.
KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling.
SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova i Granvin, ein kort køyretur på 40 minutt frå garden vår. Vacio vert nokon gonger levert fersk, nokon gonger frosen. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.
PRIS PER KG: 390 kr