Een gard
Skog duflys – ekte talglys
Skog duflys – ekte talglys
Skog duftlys er laga med talg frå garden vår og frå andre nøye utvalde gardar i nærområdet vårt som kan sikre høg grad av dyrevelferd. I tillegg inneheld lyset litt bivoks og eterisk oljeblanding med duft av norsk skog.
Lyset brenn jamnt og lenge. Det er miljøvennleg, handlaga og mykje betre for innemiljøet i stova di enn vanlege stearinlys. Ved å handle hjå oss får du trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk, levande bygder og lokale arbeidsplassar.
BRUKSANVISNING: For at lyset skal brenne godt, så er det viktig å klippe veken ned til 0,5 cm før kvar bruk. Om lyset brenn med for stor flamme, bør lyset sløkkast og veken kortast ned. Ikkje brenn lyset lenger enn ca. 2 timar om gongen.
INNHALD: Talg, bivoks, eterisk oljeblanding med duft av norsk skog
60 ML