Een gard
Nordljos – ekte talglys
Nordljos – ekte talglys
Ekte talglys – laga på tradisjonelt vis. NORDljos inneheld kun talg og bivoks, har lang brenntid og brenn jamnt. Lyset gir betre inneklima enn vanlege stearinlys. Talget kjem frå vår eigen gard, og frå andre gardar i nærområdet vårt som sikrar høg dyrevelferd og som driv på lag med klima og miljø.
Nordljos er handlaga på garden vår. Ved å handle hjå oss får du trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk, levande bygder og lokale arbeidsplassar.
BRUKSANVISNING: For at lyset skal brenne godt, så er det viktig å klippe veken ned til 0,5 cm før kvar bruk. Om lyset brenn med for stor flamme, bør lyset sløkkast og veken kortast ned. Ikkje brenn lyset lenger enn ca. 2 timar om gongen.
INNHALD: Talg og bivoks
60 ML