Een gard
Skank
Skank
Økologisk skank av grasfôra Vestlandsk fjordfe.
Skank vert brukt til kokekjøt, og er t.d. brukt i den klassiske italienske retten osso bucco. Her finn ein margbein i midten med mykje god smak, og kjøt med feitt og bindevev. Kok kjøtet på låg varme over lang tid for fantastisk resultat! I gryte i steikerommet over natta på 80 grader, heilt fram til du kjem heim etter jobb dagen etter – så har du middagen klar! Eller på 150 grader om du treng at middagen skal vera klar på nokre timar.
KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling.
HALDBARHEIT: Skank vert nokon gonger levert fersk, nokon gonger frosen. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.
PRIS PER KG: 250 kr