Økologisk & grasfôra kjøt

Økologisk & grasfôra kjøt

Kjøt frå økologisk & grasfôra vestlandsk fjordfe frå garden vår. Ettersom me...

Frå bonden direkte til deg!

Handlar du direkte frå oss og andre bønder, så får du reine og ekte varer utan tull og utan mellomledd! Du støttar norsk landbruk, eit bærekraftig matsystem, levande bygder og lokale bedrifter!

Sjå alle produkta frå garden vår her!
  • Økologisk & regenarativt

    Me har ein liten flokk med den lokale og utrydningstruga rasen Vestlandsk fjordfe, og driv økologisk og etter regenerative prinsipp.

  • Familiegard & småbruk

    Een gard er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov.

  • Lokale ressursar frå garden

    Dyra våre er grasfôra. Me nyttar minimalt med økologisk kraftfôr, ved behov. Me haustar frå det inn- og utmark har å by på, og lager syltetøy, urtesalt m.m.

  • Lokalmat & gardsbutikk

    Me sel økologisk kjøt, syltetøy, urtesalt, handlaga hudpleie på REKO-ring og til spesialbutikkar. Du er også velkomen innom gardsbutikken vår!

Økologisk kjøt av grasfôra vestlandsk fjordfe

Me sel økologisk kjøt av grasfôra Vestlandsk fjordfe. Kjøtet kan du
kjøpe i gardsbutikken vår, eller på REKO-ring på Voss og i Bergen.

Bestill kjøt her!
  • Korleis bestiller eg?

    Du bestiller varer her i nettbutikken, ved å legge varene i handlekorga og sjekke ut frå nettbutikken på vanleg måte. Du kan også bestille varer ved å sende oss ei melding via kontaktskjema nederst på sida her. Velg/gje beskjed kor du vil hente. Du betaler ved henting – med vipps eller kort.

  • Kor hentar eg bestillinga mi?

    Alternativa er henting i gardsbutikken, eller henting på REKO-ringen Voss / REKO-ringen Bergen (Åsane eller Fyllingsdalen). Me har også henteplass i Bergen sentrum v/Terminus hotell.

Kontakt oss gjerne!